4. november fekk speidarane prøve seg på brannsløkking. Ei stor takk til brannvesenet som stilte opp så vi fekk dette til.
19.–21. oktober 2007 hadde Sogn og Fjordane krets speidarsamling på Fagerneset. Der var det mange spennande aktivitetar, mellom anna JOTA, der speidarane fekk snakke i radio. Til saman 60 speidarar og leiarar var samla på Fagerneset.
Hausten 2007 opna Førde speidargruppe friskt, og inviterte til overnattingstur allereie i helga same veka som vi starta opp. Vêret var sterkt varierande, vi hadde alt frå solskin til pøsande regnver, men likevel møtte nesten alle dei nye speidarane opp og overnatta.
20.-22. oktober 2006 var det speidarsamling med JOTA og kretsting på Fagerneset ved Vadheim.
I juni 2006 var 5 speidarar i patrulja «Ørn» på NM i speiding på Lillestrøm. Tidlegare same år hadde dei vunne KBK-en på Knapstad. Fleire bilete kjem...
2.-9. juli var 14 speidarar frå Førde speidargruppe på landsleiren Fri:05 på Ingelsrud i Hedmark.
1.-3. oktober 2004 reiste seks speidarar og fem vaksne på NM i speiding i Sandefjord. Dei var kvalifiserte til NM-et ved å ha vunne KBK-en i Kaupanger tidlegare same år. Det vart ei regntung helg, men det gjekk likevel fint.