Speidarmøte 12.04
Kvart år gjennomfører Norges speiderforbund i samarbeid med Flyktninghjelpen ein innsamlingsaksjon som ein kallar Speidaraksjonen. Speidaraksjonen har tidlegare hatt fokus på Øst-Timor, Liberia og Uganda. I år vil vi ha fokus på skulegang til barn i Libanon som har flykta fra krigen i Syria. Møtet i morgon 12.04 vil vere eit forberedelsesmøte der vi kjem til å ha nokre aktivitetar knytt opp til tema. Møtet blir ved gapahuken og oppmøte er klokka 18.20 ved solsvingen. Ein kan lese meir om speidaraksjonen på: http://www.speiding.no/aksjon/
Speidarhelsing Rasmus og Inge
Kommentarar
Ingen har kommentert endå. Vil du vere den første?