« » Juni 2019
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Speidarmøte 12.04

Kvart år gjennomfører Norges speiderforbund i samarbeid med Flyktninghjelpen ein innsamlingsaksjon som ein kallar Speidaraksjonen. Speidaraksjonen har tidlegare hatt fokus på Øst-Timor, Liberia og Uganda. I år vil vi ha fokus på skulegang til barn i Libanon som har flykta fra krigen i Syria. Møtet i morgon 12.04 vil vere eit forberedelsesmøte der vi kjem til å ha nokre aktivitetar knytt opp til tema. Møtet blir ved gapahuken og oppmøte er klokka 18.20 ved solsvingen. Ein kan lese meir om...
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 11. april 2016

PMR-radio

På tysdag 5. mars skal vi ha ei radiorunde i Førde sentrum, vi møtast på baksida av Olefine på sørsida klokka 18.30. Kle dykk etter vêret
Speidarhelsing
Rasmus og Inge
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 03. april 2016

Gjere ferdig merke

I morgon, tysdag 29. mars, skal vi jobbe med å få ferdig knutemerket og kart og kompass-merket. Frammøte øvst i Solsvingen, på snuplassen kl. 18.20.

Ta med knutetauet de har fått utdelt, og kle dykk etter vêret. NB: Avslutting og henting blir ved fotballbana på Haugum.

Speidarhelsing
Rasmus (og Eirik, som er på besøk)
Registrert av Eirik Ulltang Birkeland den 28. mars 2016

Speidarmøte 15.03.16

Speidarmøte tysdag 15.mars vert i Speidarhuken som sist. Frammøte øvst i Solsvingen, på snuplassen kl. 18.20 ! Vi lagar kart over området ved Speidarhuken ( sp.merke ) Om ein ønskjer kan ein ta med ein ferdigpakka matbit i folie, klar til bålet. ( Ikkje for tjukk - laaaang steiketid ) Drikke. Samstundes - skattejakt !
Helsing Rasmus og Inge
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 14. mars 2016

Bål

Tysdag 8. mars møtast vi øverst i Solsvingen kl 18.20. Vi skal være i speidarhuken. Vi skal lære litt om forskjellige båltyper. Ta med spikkekniv og noke varmt å drikke.

Speidarhelsing leiarane
Registrert av Marion Kristiansen den 07. mars 2016

Morse og Morsomt

Vi vert på Kletten Grendahus tysdag 23. februar.
Vanleg tid kl. 18.30 - 20.00.
Ta med knutetau.

Speidarhelsing leiarane
Registrert av Marion Kristiansen den 21. februar 2016