« » Oktober 2019
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203

Overnattingstur for småspeidarane

Overnattingstur for småspeidarane
Hei! Eg må først beklage for sein info (mykje å gjere den siste tida). Som eg har nemnt på dei to siste møta er det planlagt ein overnattingstur for småspeidarane førstkomande helg laurdag 21- søndag 22.mai. Ettersom dette er den første speidarturen dei er med på tenkjer eg at det er greit at vi er ved Speidarhytta (bekkjavatnet), Eg kjem tilbake med meir informasjon, samt pakkeliste og påmeldingsfrist i morgon.
Rasmus
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 16. mai 2016

Flaggheis

Som tidlegare år har speidarane ansvar for flaggheis 17.mai ved gamleheimen. Vi møtast ved gamleheimen klokka 0845. Det er viktig at alle har på seg speidarskjerf, og skjorte for dei som har det. Speidarane har også tildelt plass i toget, eg veit ikkje kva interesse det er for dette, men vi kan avtale nærare under flaggheisen. (avtal med kontaktlærar på førehand)
Speidarhelsing Rasmus
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 13. mai 2016

Byparken

Tysdag 10.mai møtast vi i Byparken kl 18:30. Det blir Hesteskokasting, Golfkast, klatre og kose seg. Premiar til alle.

Speidarhelsing Leiarane.
Registrert av Marion Kristiansen den 09. mai 2016

Speidarmøte 03.05

Speidarmøte 03.05. Eg tenkjer at dei som var på KBK i helga er framleis slitne, og dei kan ta seg fri dette møtet (om dei sjølv ønskjer). Småspeidarane møter på toppen av solsvingen klokka 1820, møtet skal omhandle praktiske element ved det å vere på tur (pakking av sekk, påkledning osb.)
Speidarhelsing Rasmus og Inge
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 02. mai 2016

Speiadermøte 26.04

St. Georgsdagen- Pionering og KBK-førebuing
Møtet i morgon 26/04 vil vere i gapahuken, vi møtast klokka 1820 på toppen av solsvingen. Det er viktig å kle seg godt då det kan bli kaldt på kvelden, alle må også ta med seg ein kniv og knutetauet.
Speidarhelsing Rasmus og Inge
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 25. april 2016

Speidarmøte 19/04

I morgon gjennomfører vi speidaraksjonen, vi ser at vi treng litt meir tid, vi vil difor byrje klokka 1800, vi møtast ved hovedinngangen ved Førde Barneskule. NB! Alle må hugse å ta på seg speidarskjerf
Speidarhelsing Rasmus og Inge
Registrert av Rasmus Andersen Hundvebakke den 18. april 2016