Denne nettsida er laga av Skamfell roverlag for Førde speidargruppe, som begge tilhøyrer Norges SpeiderForbund (NSF). Det meste av informasjonen som ligg her er meint for speidarane. Joakim S. Hovlandsvåg er nettansvarleg, men leiarane i speidargruppa er redaksjonsansvarlege for nyhenda og anna informasjon.
Førde speidargruppe har hatt nettside heilt sidan 2002, men etterkvart har både design og teknologi endra seg.
Sofaroveren Joakim Hovlandsvåg har vore nettansvarleg i heile perioden, og utviklinga av nettsida har følgd hans kunnskapar på området. Det er ikkje brukt noko som helst form for automatiske skript, som bloggvertky eller anna, og det er kanskje difor utviklinga ikkje har gått så altfor fort...
Den første vesle nettsida vart laga nokre månadar før den store islandsturen "Álfar og tröll,"
inspirert av roverar frå Vonbraathen roverlag, Florø.
No vart det brukt enkel (og lite validerbar) HTML, og designet var ikkje laga av erfarne menneske akkurat.
Etterkvart vart det lagt ut litt bilder frå leirane vi var med på. Bildepresentasjonen frå Island var spesielt sjarmerande.
Leiarar og speidarar krevde meir interaktivitet frå sida, og systemet gjekk litt treigt.
Ei nyhende måtte sendast på epost til nettansvarleg, som då kunne legge det ut på sida,
ved å skrive det inn i kjeldekoden. Ingenting gjekk automatisk altså.
Til slutt laga Skamfell, som er namnet på Førde sitt roverlag, sida på nytt att, denne gongen i PHP. No kunne leiarane sjølv legge ut nyhende og artiklar, utan mellommenn med dei store tekniske kunnskapane. Ingenting avansert, men det fungerte akkurat passe.
Nettsida vart gradvis meir og meir brukt i 2005 og 2006. Leiarane la stadig ut meldingar om komande aktivitetar, og etterkvart byrja speidarane å sjå innom sida. Fenomenet internett nådde til slutt også Førde speidargruppe.
Sommaren 2006 fekk nettansvarleg, som forøvrig hadde flytta til Oslo, fleire henvendigar angåande sida.
Det var då idéen kom om å fornye heile sida ein gong til, og la leiarane/speidarane få meir kontroll.
I tillegg hjalp det veldig at nettansvarleg no hadde tatt Systemutvikling på Universitetet i Oslo.
All kjeldekoden bak sida vart fornya, og ligg den dag i dag ute i XHTML, med PHP og mySQL som drivkraft. Designet var så og sei det same gamle, berre med små endringar, men det endrar seg vel ein gong i framtida, det óg. Berre folk klagar nok...