(om du var ute etter kontaktinformasjon, gå til kontaktsida)
Vi er ei speidargruppe med ca. 20 speidarar som held til i Førde kommune i Sogn og Fjordane (kart).
Vi har møte ein gong i veka, kvar tysdag. Då er vi som regel å finne i Førde sentrum, i speidarhuken på Bergum eller ved speidarhytta vår ved Bekkjavatnet (kart), som ligg ein om lag 10 minutts køyretur frå sentrum.
Gruppa har stor deltaking på både sentrale arrangement, som landsleirar, og arrangement i Sogn og Fjordane speidarkrets, som kretsleirar og kretsbannerkonkurransar.
Ho har opphavet sitt i 1. Førde tropp av Norsk Speidergutt-Forbund, som vart stifta av sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge 23. april 1925. I 1928 kom også jentene i Førde 1 av Norsk Speiderpikeforbund til, og 1. januar 1984 vart gruppene slått saman til Førde speidargruppe av Norges speiderforbund.
Vi er alltid på jakt etter både fleire speidarar og leiarar! Les meir om speiding på http://www.speiding.no/